Hopp til hovedinnhold

«Klassisk musikk for alle»
- Grieg, Chopin Brahms, Mendelssohn, Schubert, Liszt, Schumann

Greg Niemczuk er ein av dei fremste pianistane i Polen. Han er fødd i 1985 og
gjekk ut frå musikkakademiet i Katowice med høgste karakterar. Pianisten har no
heile verda som sitt verkefelt. Han har hatt konsertar i dei fleste europeiske land,
og også Amerika, Asia, Afrika og Australia.



Greg Niemczuk vann i 2010 førstepris i den prestisjetunge nasjonale Chopin-
konkurransen i Warszawa, og han blir no betrakta som ein av verdas fremste
Chopin-tolkarar. I januar 2013 vann han Carnegie Hall sin debutantpris i skarp
konkurranse med mange av verdas fremste instrumentalistar.



Greg Niemczuk har fått eit stort navn her i landet. Han har holdt konsertar i
Noreg sidan 2010 og gjennomfører årleg to store turnéar her. Han har
holdt konsertar på 38 forskjellige kulturhus i Norge – og besøkt kvart av dei fleire
gonger. Uoffisielt er han den mest turnerande pianisten i Noreg. Etter all
turneringa og alle konsertane her, har han fått ei helt spesiell tilknytning til
landet vårt. Han er blitt ein sann noregsvenn og ser på Noreg som sitt andre
fedreland. Dette er fjerde gongen Greg gjestar oss her i Ørsta.



Det er dei store romantiske komponistane frå 1800-talet Greg Niemczuk skal tolke for
oss denne gongen. I kveldens program får vi høyre dei vakraste og mest kjende klaververka av
Schubert, Schumann, Verdi, Mendelssohn, Liszt, Chopin, Brahms og vår eigen
Edvard Grieg.
Overalt der Greg spelar blir han invitert tilbake. Hovedgrunnen er naturlegvis at han
er ein så eineståande begava og dyktig pianist, men også fordi han er ein så hyggeleg
person. Vennleg, åpen, utadvendt, alltid smilande, begeistra, glad i menneske,
beskjeden og takknemlig for alt – elska og høgt respektert overalt. Ein
stor personlegdom med eit vinnande vesen!

Visninger

Ørsta Kulturhus (Ørsta)
12. mars, 2026:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Holmegata 7
  • 6153 Ørsta
Telefon:
E-post:
post@orstakulturhus.no
Nettside:
www.orsta.kulturhus.no

Hvor er Flygelkonsert med Greg Niemczuk