Hopp til hovedinnhold

Bursdagskvelden for Arne Garborgs 175-årsdag vert ei feiring av diktarens opphav: Jæren. Programleiar Hilde Mathilde Zahl spør: Kva er typisk jærsk, for språket og lynnet? Kva jærske uttrykk er dei beste? Kva er dei løgnaste orda? Korleis har jærsk og Jæren endra seg sidan Garborg levde?

I sofapanelet sit tidlegare redaktør Kjell Olav Stangeland, forfattar Kjell Arild Pollestad, leiar på Garborgsenteret, Inger Undheim og Åse Wetås, sandnesgauk og direktør i Språkrådet.

Hilde Zahl sin entusiasme og nysgjerrige stemme kjenner mange frå tida då ho arbeidde i NRK radio, blant anna som programleiar for Språksnakk. I tillegg til drøs om jærsk, får me opplesingar ved Pollestad og Stangeland, og musikalske innslag ved Klepp mannskor og Jarle Obrestad.

Visninger

25. januar, 2026:
18:00

Kontakt

Adresse:
  • Arne Garborgsvei 26
  • 4340 Bryne
Telefon:
+47 975 32 529
E-post:
inu@jaermuseet.no
Nettside:
www.garborgdagar.no/program/fodde-pa-jaeren/

Hvor er Fødde på Jæren - Garborgdagar