Hopp til hovedinnhold

Me inviterer næringslivet på Osterøy og gode samarbeidspartnarar til vårt årlege Førjulstreff. Både små og store bedrifter er invitert til denne uformelle og kjekke samlinga.

I år blir det vorspiel i Klyvvikje og julemiddag på Knausatun.

Program:
● kl.17.00: Oppmøte Klyvvikje Gard.
● kl.19.00: Aperitiff og pinnekjøtt med riskrem på Knausatun. Me har alterativ julemiddag for ei som ikkje et kjøt.

Me håper det passer og at du har tid og lyst å dele denne kvelden med oss!

MERK! Påmeldingsfrist 21. november.

Har du lyst å spre litt ekstra juleglede?
Kjøp ein ekstra billett eller to og inviter med nokon frå dei mindre verksemdene. Gje oss ein lyd om me skal hjelpe deg.

Pris kr 985,- for medlemmer i Osterøy Industri- og næringslag, Visit Osterøy, bondelag og samarbeidspartnarar.
Kr 1185,- for andre.
Inkluderer triveleg selskap, besøk på Klyvvikje Gard, aperitiff, underhaldning og 2-retters julemiddag, gløgg mm. og billettavgift.

Beste helsing frå festkomiteen
Åse Nilssen og Tobby Sander Tomassen

Visninger

Klyvvikje Gard og Knausatun i Bruvik (Bruvik)
04. desember:
17:00

Kontakt

Adresse:
  • Olsnesvegen 71
  • 5285 Bruvik
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Førjulstreff for næringslivet på Osterøy 2025