I høve Garborgs 175-årsdag gjev BUL Stavanger ut jubileumsskriftet «Me skylde han eit minnesmerke - Arne Garborg og den frilynte ungdomsrørsla i Stavanger».
Samtale mellom Anders Sundsteigen Hana og Morten Vestbø om utgjevinga som i hovudsak tar for seg perioden 1900 til 1940, ei tid då Bondeungdomslaget var ein kulturinstitusjon i Stavanger sentrum, og norskdomsrørsla hadde ein sterk posisjon med folkemusikk, litteraturkveldar, folkedans, leikarring, foredrag,bladarbeid, teaterframsyningar og hjelpearbeid. Eit stykke lokal kulturhistorie frå eit miljø der Arne Garborg var sjølve åndshøvdingen.
