I 1911 døyr Julie Elisabeth Hoem på gamleheimen på Nordnes. I protokollen står det: Ingen Slegtninger. Intet Efterlatt. Likevel rommar livet hennar ei heil verd.
Basert på Edvard Hoems roman Husjomfru blir historia om felemakar Lars Olsen Hoems yngste dotter løfta fram. Julie Elisabeth var ei stolt og urokkande kvinne som levde midt i skiftet mellom gamle og nye tider, før velferdssamfunnet tok form, og då eit kvinneliv lett kunne forsvinne i stilla.
Etter ungdomsår i Kristiansund arbeidde Julie Elisabeth det meste av livet som husjomfru hos velståande familiar i Bergen. Ho sat ved herskapets bord - men høyrde ho eigentleg til der? Framsyninga skildrar korleis små val, draumar om kjærleik og lengta etter tilhøyrsle kan forme eit heilt liv.
Teatret Vårt har tidlegare løfta Edvard Hoems slektshistorie fram på scena med Slåttekar i himmelen og Jordmor på jorda. Husjomfru er ei varm og sår forteljing om ei kvinne som lenge har stått i skuggen av historia, men som av Hoem har fått sin stemme og sin plass i lyset.
Anne Wiig ber heile livsreisa aleine på scena - frå svaberga i Kritiansund, til det stille rommet der livet går mot slutten i Bergen. Ei sterk, levande og nært fortald teateroppleving der éi stemme rommar eit heilt liv.
Velkommen til ei varm, sår og høgst levande forestilling om å bli sett, og om å bli hugsa.
Teater og scenekunst
Husjomfru - Averøy
I 1911 døyr Julie Elisabeth Hoem på gamleheimen på Nordnes. I protokollen står det: Ingen Slegtninger. Intet Efterlatt. Likevel rommar livet hennar ei heil verd
KårvåghallenAverøy
© Teatret vårt
Visninger
Kårvåghallen (Averøy)
- 08. mars, 2026:
- 19:00
Kontakt
- Adresse:
- Grindhaugveien 41, 6532 Averøy
- 6532 Averøy
- Telefon:
- 71 24 02 90
- E-post:
- billett@teatretvart.no
- Nettside:
- teatretvart.no/