Her kan publikum rusla fritt mellom bygga, kjenna på den gode julestemninga og oppdaga små skattar hos dei mange utstillarane. Mellom lys, lukt og lydar av førjulstid ventar også gode smakar – perfekt for ein liten pust i bakken medan julegleda får sleppa til.
Dette kan ein få oppleva:
- Koselege boder i garasjebygg ved ridebanen med lokalproduserte varer og julegåver
- Open stall der rideklubben sel kaker og kaffi m.m
- Vogner/telt med milkshake, sukkerspinn, popcorn vafler m.m og varme smultringar
- Drengestova med julekort, bilete, kaffi og anna fint
- På tunet kan du slå deg ned, ta ein pust i bakken og kjenne på julestemninga
- I grisabingen vil me prøve å få serverer me noko varmt – kanskje graut eller suppeHåpar også å få te ein liten juleverkstad for ungane
Programmet
- Ope tun og marknad kl 15.00 - 18.00
- Grisabingen PopUp 19.00 - 23.00 (18 år)