Velkommen til Julelegender:2025! Etter fleire år med oppussing av Domkirka i Stavanger, er Bispekapellet igjen tilgjengeleg for stemningsfull konsert og forteljing, tett opp under jul. Kjell Inge Torgersen inviterer til ei skuldersenkande og annleis oppleving med ny legende og ny musikk.
«Han er en fabelaktig god forteller; engasjerende, passe dramatisk, har god timing. Fortellingen legger seg veldig godt i ørene. Knallgodt framført!» Stavanger Aftenblad, terningkast 5, om "Julelegender - Den blå karfunkel"
"Befriende julestund med dristige tolkninger." - Kristin Aalen, Stavanger Aftenblad, terningkast 5.
"Kjell Inge Torgersen er ikkje berre ein sterk songar, han er óg ein drivande god forteljar - og det er denne kombinasjonen som gjer dette konseptet til noko sjeldant." - Gerd-Helen Selle, Moster Amfi.
Vil du ha fysiske billettar til gåve?
Spesialtrykte billettar kan kjøpast i Noregs eldste spesialforretning for tobakksvarer: Havanamagasinet i Stavanger sentrum. Du kan óg ringe dei på telefon: 51 89 49 70.
I BISPEKAPELLET, STAVANGER
Julelegender blei fyrste gong oppført i Bispekapellet i 2009 - dette vesle konserthuset med utsøkt akustikk og særeigen stemning, midt i sentrum. Også musikkalbumet "Julelegender" (2011) kom ut av forestillingane i Bispekapellet og resulterte i opptreden på sjølvaste "Kvelden før kvelden" på NRK, og i A-listing av låta "Stjernenatt".
Kom og få ei god, ny historie - og ny og kjend musikk som høyrer jula til. Gitarist og arrangør Aril Schøld er som alltid med og står saman med Kjell Inge for dei musikalske legendene.
STAVANGER // SPELEPLAN (6 forestillingar i Bispekapellet)
13. desember kl. 18 (PREMIERE!)
13. desember kl. 19.30
15. desember kl. 18
15. desember kl. 19.30
19. desember kl. 18
19. desember kl. 19.30
Bispekapellet tar 60 gjester per forestilling og har akustikk i særklasse.
--
Julelegender er ein produksjon av The KIT as, i samarbeid med Grafo trykkeri.
