Hopp til hovedinnhold

Ny oppsetjing av syngjespelet Me reise te Junaiten! Me reise te Junaiten er eit humørfylt syngespel om utvandringa til Amerika og spenningane mellom dei som reiste og dei som vart att. Musikken er basert på irsk folkemusikk, og alle tekstar og songar er skrive på nynorsk.

Aktørar frå Alverrevyen vert sentrale i syngespelet, med skodespelarar og musikarar frå både Melandsrevyen, Sæbørevyen, Hjelmåsrevyen og Slettarevyen på scena. Stykket er skrive av Signe Marit Krossøy frå Masfjorden, med lokale tilpassingar av regissør Ivar Hopland. Stykket vart først sett opp som ein del av programmet for Nynorskdagane i Alver 2025, og arrangerast i samarbeid mellom Alverrevyen og Utvandringssenterets venner.

Det vart spelt to fullsette forestillingar i oktober, og me har difor gleda av å sette opp ei ny oppsetjing av stykket 14.februar 2026. Ikkje gå glipp av denne humørspredande forteljinga om utvandring, kjærleik, bygdeliv og draumen om Amerika!

Det vert open pub på etter forestillinga.

Dørene opner klokka 18, forestillinga startar kl 19.

Velkomen til Samfunnshuset Skogen Sletta laurdag 14.februar!

Inngangsbillett kjøpast på Tikkio eller i døra, og kostar 300 kr / 150 kr for barn under 16 år. (billettavgift kjem i tillegg)

Visninger

14. februar, 2026:
18:00
15. februar, 2026:

Kontakt

Adresse:
  • Fv411 17
  • 5939 Sletta
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Me reise te Junaiten laurdag 14.02.