Velkomen til familieframsyning!
Korleis fortonar musikk seg frå innsida? Annabel er pianist og øver inn ein liten vals for piano av den norske komponisten Fartein Valen. Ho vil så gjerne få musikken til å danse, men strever med det. Difor inviterer ho Trommelars på besøk. Kanskje han – saman med publikum – kan hjelpe henne?
I denne framsyninga stiller vi spørsmål ved kva det er som gjer musikk til musikk. Kvifor er stille ein del av musikken? Kanskje finn vi nokre moglege svar saman med barna. Det er morosamt, vakkert og lærerikt – og det finst ikkje noko fasitsvar.
Framsyninga vart til etter ei bestilling frå Sveio kommune og hadde premiere under Valenfestivalen i april 2020. Musikken vi spelar og lytter til er Fartein Valens klaverstykke Valse noble, opus 22. Vi har til no spelt over 60 framsyningar på små og store stader på Vestlandet, i tillegg til Lillehammer, Oslo, Stavanger Kammermusikkfestival og Valdres Sommerfestival 2022.
Framsyninga er støtta av Furestiftelsen og Vestland Fylkeskommune
---
Annabel Guaita er klassisk pianist og musikkformidlar med lang erfaring som skulekonsertmusikar, foredragshaldar og musikkritikar. Ho har ein kunstnarisk doktorgrad i Fartein Valens pianomusikk, der ho utforska ulike måtar å spele musikken på. Jakta etter å opne nye dører inn til denne musikken førte henne til Lars Kolstad.
Lars Kolstad er høgskolelektor i musikkpedagogikk, også kjent som Trommelars, og reiser rundt med bilen full av trommer – blant anna i regi av Den kulturelle skulesekken. Han inviterer store og små til improvisert samspel under mottoet «Trom som du er». Hos han blir musikken til i augeblikket, i ein høgst levande og uføreseieleg prosess mellom menneske med svært ulik musikalsk bakgrunn.
Annabel og Lars har dermed svært ulik erfaring og tilnærming til musikk. Nettopp i kryssingspunktet mellom desse to perspektiva finn dei nye inngangar til musikken – saman med barna.
--
Passar for barn frå 5 år og oppover.
Framsyningslengde: om lag 60 minutt.
Rullestolplass og eit avgrensa antal ledsagerbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller pr tlf 917 50 231.
