Hopp til hovedinnhold

Hanne Øverland og Sidsel Palmstrøm utforskar tekstile materiale som ber på både poetiske og konseptuelle lag.

I møtet mellom fargar, nettverk og strukturar skaper dei ei utstilling som speglar forholdet mellom natur, teknologi og menneskeleg nærvær.

Opning søndag 12. oktober kl. 14:00

Øverland presenterer arbeid basert på fargenyanser frå trua fugle- og sommarfuglarter i Noreg. Gjennom teknikkar som broderi, tufting og trykk omset ho artenes karakteristiske fargar til abstrakte tekstile portrett som peikar på naturens sårbarheit og rikdom.

Palmstrøm viser objekt og installasjonar der nettet fungerer både som form og metafor. Dei handlaga netta av naturfiber antyder det uhåndgripelige, medan nylon-nett drivne av motorar opnar for assosiasjonar til teknologi, forbruk og samtida sine usynlege samband.
Saman skaper kunstnarane ein heilskap som tematiserer mangfald, struktur og skjørheit – eit rom for refleksjon over kva som held oss saman, og kva vi står i fare for å miste.

Visninger

Tekstilindustrimuseet (Bergen)
04. desember:
11:00
05. desember:
11:00
07. desember:
12:00
10. desember:
11:00
11. desember:
11:00
12. desember:
11:00
14. desember:
12:00

Priser

Barn:
Gratis
Voksen:
NOK 75

Kontakt

Adresse:
  • Salhusvegen 201
  • 5009 Bergen
Telefon:
55251080
E-post:
tekstilindustrimuseet@muho.no
Nettside:
muho.no/tekstilindustrimuseet

Hvor er Overganger / Palmstrøm og Øverland