Hopp til hovedinnhold

Premiere fredag 30.01:
Dørene åpner 18:00
Forestilling starter 19:00


Søndagsforestilling 01.02:
Dørene åpner 18:00
Forestilling starter 19:00
Sitjande arrangement - unummerert sitjeplassar
Rasjonelt fjøsstell

Ei erfaren bondekone og ein tafatt husbonde har drive garden etter tradisjon i årevis. Men når dottera kjem heim frå folkeskulen, med nye idear om korleis garden skal driftast blir det baluba for den jærske familien. Velkommen til ein gard på byrjinga av 1900-talet, der tradisjonen står mot den nye, vitskaplege tidsånda.
Kor ofte skal fjøset vaskast? Er gome god drengamat? Og kva i holaste er rasjonelt fjøsstell?

Rasjonelt fjøsstell er ein tidlaus kommentar til det evige spørsmålet: Kva er eigentleg ekte framsteg? Ein skarp og morosam klassikar som framleis treffer.
Skatta Akter er ei teatergruppe for vaksne, som høyrer til i Kulturbanken. Her har dei sett opp fleire komediar dei siste åra til stormande jubel og utselde framsyningar. No tek dei for seg Hulda Garborg sin klassikar, i ny og utvida drakt.

Kontakt

Adresse:
  • Meierigata 3
  • 4340 Bryne
Telefon:
40075007
E-post:
Nettside:
kulturbanken.no/

Hvor er Rasjonelt Fjøsstell på Hvelvet Scene