Dramatikar Jon Fosse er endeleg tilbake i Møre og Romsdal. Med eitt av dei mest rørande og vakre stykka han har skrive. Draum om hausten er eit drama som festar seg i kroppen: presist, stillferdig og fullt av dei store kjenslene som har gjort Fosse til ein av verdas viktigaste dramatikarar og Nobelprisvinnar i litteratur.
Fosse løftar det kvardagslege til noko stort. Gjennom små møte og få ord opnar han eit rom for dei evige spørsmåla: Kva betyr det å leve? Kva held vi fast ved? Kvar finn vi meininga vi lengtar etter? Han kallar sjølv stykket «eit slags måleri over livet».
Ei kvinne kjem tilbake til byen. Ein mann møter henne - på ein gravplass, av alle stader. Minna strøymer på. Gradvis glir tid, rom, liv og død inn i kvarandre, og vi blir dregne inn i ei reise gjennom eit heilt liv: kjærleik, sakn, håp, smerte, alt det som gjer oss til menneske.
Dialogane er poetiske og enkle, men dirrar av det som ikkje blir sagt. Dei skapar gjenkjenning, varme og små glimt av humor. Karakterane leitar etter noko - slik vi alle gjer - og i dei finn vi oss sjølve att.
I Teatret Vårts nye oppsetjing får denne forteljinga ei kraftfull og visuelt slående form. Regissør Tatu Hämäläinen, som har levert to Heddanominerte produksjonar ved teateret, tek no med seg sin sterke, biletrike stil inn i eitt av Fosses mest poetiske verk. Resultatet blir ei teateroppleving som verkeleg skil seg ut.
Velkomen til ei framsyning som grip tak, som utfordrar, og som blir verande lenge etter at du har gått ut av salen. Dette er ei oppleving du ikkje vil gå glipp av.
Teater og scenekunst
Teatret Vårt: Draum om hausten
Eit portrett av livet og det vi ber med oss - av Jon Fosse
NormoriaKristiansund
© Normoria
Visninger
Normoria (Kristiansund)
- 27. mars, 2026:
- 19:00
Kontakt
- Adresse:
- Kongens Plass 6
- 6509 Kristiansund
- Telefon:
- E-post:
- Nettside:
- www.normoria.no/arrangementer/teatret-vart-draum-om-hausten-43882