Hopp til hovedinnhold

Og DET trengst når verda går meir og meir av hengslene.

Høy og Mørk er ei framsyning full av standup, musikk og parodiar – og du kan vere trygg på at latteren sit laust når John Brungot og Terje Sporsem gyv laus på tema som høge, mørke og maktsjuke leiarar, beredskap, generasjonskonfliktar og frykta for å brått vere den eldste i familien.

Kvifor vil nokon endre verda etter fylte 75? Var livet enklare på 80- og 90-talet? Og kan ein eigentleg «fake» seg gjennom det meste? John og Terje tek for seg både store livsspørsmål – og ting du ikkje visste at du trong svar på.

Gjer deg klar for ein kveld full av latter og god stemning!

Regi: Martin Beyer-Olsen

Visninger

Sjøborg kulturhus (Ulsteinvik)
24. oktober, 2026:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Sjøgata 10
  • 6065 Ulsteinvik
Telefon:
70 01 77 00
E-post:
Nettside:
www.sjoborg.no/kulturprogram/KUL20250392