Hopp til hovedinnhold

Trio Leikkín er ein nyetablert trio med base i København og Oslo, samansett av tre talentfulle unge musikarar. I denne konserten i Grieg Kunstsamling får du oppleve klassisk musikk med stor spennvidd i uttrykk og karakter og eit rikt og levande tonespråk.

Trio Leikkín vart etablert hausten 2024. Ensemblet består av Sebastian Egebakken Svenøy (klaver), Olga Melby Larsson (fiolin) og Amalie Thing Helseth (cello). Musikarane møtte kvarandre ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København, der eit naturleg musikalsk fellesskap raskt oppstod.

Individuelt har dei alle tre allereie utmerkt seg i det norske musikklivet. Amalie spelar jamleg i dei største orkestera i landet. Sebastian er vinnar av Den Norske Solistpris(Virtuos)2024, og Olga deltok i finalen same år. I tillegg spelar ho jamleg i Det Norske Kammerorkester.
Trass i at trioen er relativt nyetablert, har dei allereie rukke å oppleve mykje saman. I sommar tilbrakte dei ei veke i Italia, der dei spelte på Mediterraneo festival.

Sebastian og Amalie har for tida basen sin ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København, medan Olga studerer ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Som trio får dei rettleiing av Christopher Park ved Musikkhøgskolen og Tim Frederiksen i København.
Alle tre bringer med sine eigne styrker inn i ensemblet – og med Sebastians leikenheit, Olgas lyriske uttrykk og Amalies driv, utfyller musikarane kvarandre på ein måte som skaper eit rikt og levande tonespråk.

Programmet er valt med omhug, og speglar trioens interesse for verk med stort spenn i uttrykk, karakter og nysgjerrigheit.

Program:
Edvard Grieg - Andante Con Moto for fiolin, cello og piano
Maurice Ravel - Piano Trio, M.67
1. Modére
2. Pantoum. Assen vif,
3. Passacaille: Trés large,
4. Final: Animé
Bedrich Smetana - Pianotrio i g-moll, op. 15
I. Moderato Assai
II. Allegro, ma non agitato
III. Finale-Presto

Varigheit: ca 1 time og 40 minutt, inkludert pause.
Rullestolar og ledsagarar: Ledsagarar har fri inngang. Ledsagarbillett og rullestolbillett kjøper du i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

Visninger

22. april, 2026:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Mobergsbakken 20
  • 5200 Os
Telefon:
E-post:
Nettside:
www.oseana.no/

Hvor er Toner i bevegelse – Trio Leikkín