Velkommen til konsert med eit av Noregs mest folkekjære band, som har blitt ein del av den norske folkesjela gjennom sin kraftfulle viserock og sitt heilt spesielle uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk.
Gjennom godt og vel tre tiår har dei levert hundrevis av songar om det å vere menneske. Om kjærleik og sorg, mytar og skrømt, ærlegdom og svik, døden og livet. Og havet.
Kolbein Falkeids poesi spelte ei sentral rolle for bandets tekstuttrykk frå starten av, underbyggd av fengslande melodiar og rik instrumentering.
Vamp blei danna i Haugesund i 1991 og debutalbumet «Godmorgen, søster» kom ut i 1993. Det blei Spellemannpris på første forsøk, og dei fanga umiddelbart eit stort og godt publikum, som dei pleier kontinuerleg med omfattande turnering over heile landet.
I 2025 fullførte dei Vamp sin trilogi «I full symfoni», innspelt med KORK og Stavanger Symfoniorkester, med påfølgjande turné saman med dei største symfoniorkestra i landet.
Hausten 2025 sette dei opp teaterframsyninga «Våken Drøm», basert på Vamps låtunivers, der dei sjølve medverka på scena saman med skodespelarane.
Og første halvår 2026 er det duka for nok eit studioalbum.
Gjennom 18 plateutgjevingar har Vamp selt over ein million plater og mottatt fem Spellemannprisar, samt Prøysenprisen og Medaasprisen.
Med ein katalog breiddfull av kjende og kjære låtskattar som «Tir n'a Noir», «Månemannen», «Liten fuggel», «Ingeborg», «På bredden» og «13 humler», har Vamp blitt ståande som ein bautastein i norsk musikkliv med si unike evne til å kombinere tradisjon og samtid – og dermed funne vegen inn i hjarta hos fleire generasjonar av lyttarar.
Vamp består av:
Øyvind Staveland: fele, fløyter, vokal, bratsj, trekkspel
Odin Staveland: trommer, vokal, piano, perkusjon, trekkspel
Jan Toft: vokal, gitar
Lars Eirik Støle: orgel, piano, synther, trekkspel, kor
Kjetil Dalland: bass
---
Varigheit: Omlag 90 minutt
Ledsagarar og rullestolar: Ledsagarar har fri inngang. Det finst eit avgrensa antal rullestolplassar tilgjengeleg. Billettar til ledsagar og rullestol får du via resepsjonen – kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post resepsjon@oseana.no
Foto: Jonas Ingstad
