Hopp til hovedinnhold

Fjorden er vegen - Fjærland Gjestehavn

Gjestehavna i Fjærland sto klar i 2016 og har 16 båtplassar og med over 100 meter lang bryggje så har Fjærland blitt populær blant båtfolket. Gjestehavna har fasilitetar som vatn, straum, bosskontainer og servicebygg med toalett, dusj og vaskemaskin. Langs bryggja finn du Joker-butikken, Den Norske Bokbyen og Fjærland Fjordstove Hotell som har servering av både lunsj og middag. Frå gjestehavna kan ein sjå nordover og inn i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Breen som du ser frå kaien er Supphellebreen, også kalla Flatbreen, som er den sørlegaste armen frå Jostedalsbreen.

Koordinatar: 61,40458 6,74112

Fjærland Guiding

Aktivitetsselskapet Fjærland Guiding er lokalisert på bryggja og har utleige av SUP, kajakk, kano og sykkel. Fjærland Guiding tilbyr guida turar av kajakk og fjellturar. Ved fjorden kan du og slappe av i saunaen Dampen og Vetle Dampen.

Informasjon om båtplassen

Betaling til vipps 114473

Båtar mindre enn 10 meter - NOK 155

Båtar større enn 10 meter - NOK 200

Straum per dag - 100 NOK

Bruk av dusj - NOK 20

Bruk av vaskemaskin - NOK 40

Korleis betale viss du ikkje har Vipps? Då går du inn på Joker butikken eller du kan betale på Fjærland Fjordstove Hotell.

Kontakt

Adresse:
  • Fjærland sentrum
  • 6848 Fjærland
Telefon:
91363327
E-post:
laurakv@online.no
Nettside:
www.fjaerland.org/fjrland-gjestehamn

Hvor er Fjærland Gjestehavn