Hopp til hovedinnhold

Velkomne til Flåm Retreat med utsikt til Flåmsdalen

Flåm Retreat er dreve av Leonardo og Tora og tilbyr overnatting i eit eksklusivt og bærekraftig minihus designet av Snøhetta. Minihuset er fullt innreia med kjøken, bad, to dobbeltsenger, ein sovesofa, spisekorok, uteplass, bålpanne m.m.

Det er plass til 5 personar på det meste. Huset passar både for par og familiar, eller vennegjengar på tur.

Aktivitetar i området

Det er den perfekte staden å slappe av etter å ha sykla Rallarvegen, vore på fjordcruise, teke flåmsbana eller ein av dei mange andre aktivitetane ein tilbyr her i Flåm.

Ein kan låne syklar om ein ønskjer å komme seg rundt i Flåm. Det er gratis parkering, og ein kan lade elbil mot betaling. Det er også mogleg å få enkel servering om det er ønskjeleg.

Mat & Drikke i Flåm

I sentrum av Flåm finner du matbutikk og fleire restaurantar og kafear. Les meir her

Kontakt

Adresse:
  • Brekkehagen 2
  • 5743 Flåm
Telefon:
48126374
E-post:
tora@flamretreat.no
Nettside:
www.flamretreat.no/

Fasiliteter

Ladepunkt for elbil:
Parkering:
WIFI/Internett:

Hvor er Flåm Retreat