Hopp til hovedinnhold

Jostedal Lodge med utsikt over dalen

Frå Lodgen har du utsikt over dalen og elva Jostedøla, samt Vangsen og delar av Sperlestølen og Vassdalsfjellet

Du skal ikkje sjå vekk frå at du har besøk av beitande Angus dyr på utsida av vindauget.

Vinter på Jostedal Lodge

Om vinteren kan du spenne på deg skia ved huset og starte på ein av Jostedalen sine lengste toppturar, cirka 1300 høgdemeter.

Planlegg du ei utflukt med storfamilien eller venegjengen? Skal firmaet samlast til teambuilding eller møteverksemd? Er du interessert i hjortejakt? Bu landleg og uforstyrra hos Jostedal Lodge - i umiddelbar nærleik til naturopplevingar du seint vil gløyme.

Du kan få ta del i gardsdrift, om det er ønskelig. Me har og hjorteløyve som kan leigast. Me seljer også kjøt og kjøtdeig av Angus kalv, som først på våren beiter rundt Lodgen og senere i Liastølsdalen.

Som gjest hos Jostedal Lodge har du heile huset til eigen disposisjon. Med topp moderne bad og kjøken ligg alt til rette for eit komfortabelt opphald. Me tek imot små og store grupper gjennom heile året, og gjer vårt beste for å tilrettelegge etter dine ønskjer og behov.

Korleis komme seg til Jostedal Lodge?

Frå Sogndal må du følgje fv. 55 mot Gaupne. Køyr ca. 30 km og sving så av til venstre, før du kjem til Gaupne sentrum, og inn på Jostedalsvegen og fv. 604. Køyr så 29 km og sving til venstre etter Kvernadalstunellen, skilt med Nedreli. Følg mot høgre i krysset oppe i bakken. Då ser du huset oppe i bakkane.

HUSET INNHEOLDER

Huset blei totalrestaurert utvendig i 2019. I første etasje er det 3 soverom og eit bad. Behagelig komfort i landlige omgivelser med innlagt vann og vannbåren varme i alle gulv, WiFi og TV. Med romsleg veranda i 2. etasje får du nydeleg utsikt og mykje sol.

I 2. etasje finn du:

  • Flislagt bad med massasjebadekar
  • Stor stove med sofa og spisebord til 8 personar
  • Stort soverom med dobbeltseng
  • Koseleg kjøken med kjøkenkrok og sitteplassar med utsikt

3. etasje inneheld:

Stort kombinert opphaldsrom og soveplass med tv, sittebenk som akn gjerast om til soveplass og eit soverom med 120 seng.

Kontakt

Adresse:
  • Nedreli 96
  • 6871 Jostedal
Telefon:
990 27 162
E-post:
ellenmaky@gmail.com
Nettside:
www.jostedallodge.no/

Hvor er Jostedal Lodge