Velkomne til Klingenberg Hotel i Årdal
Klingenberg Hotel ligg inst i Sognefjorden, på Årdalstangen – inngangsporten til Utladalen og Jotunheimen nasjonalpark. Her bur du tett på både fjord og fjell, med spektakulær natur rett utanfor døra – utan kø og masseturisme.
Med over 160 år med gjestfridom er hotellet ein stad for ro, gode opplevingar og ny energi. Start dagen med frukost og utsikt mot fjorden, legg ut på tur i vill og variert natur, og kom tilbake til varme, komfort og gode smakar på kvelden.
Klingenberg Hotel er ein perfekt base for opplevingar året rundt – enten du vil gå til Vettisfossen, utforske fjella rundt Årdal eller berre nyte stillheita ved fjorden.
Rom & opphald
Klingenberg Hotel tilbyr eit variert utval rom – frå enkeltrom til familierom – tilpassa både individuelle reisande, par og familiar. Fleire rom har utsikt mot fjorden, og nokre har badekar. Hotellet har også eit HC-tilpassa rom og utvalde hundevennlege rom.
Frukost er inkludert i opphaldet, og du har tilgang til fasilitetar som badstove, treningsrom, elbillading og gratis parkering
Mat & drikke
I restauranten står lokale råvarer og sesongbaserte smakar i fokus. Kjøkkenet tek utgangspunkt i det beste regionen har å by på – frå fjell og fjord – og skapar moderne rettar med røter i tradisjon.
Etter ein dag ute kan du nyte ein god middag, slappe av i puben eller finne roa i hagen med utsikt mot fjorden.
Opplevingar & pakkar
Hotellet tilbyr fleire sesongbaserte pakker som gjer det enkelt å oppleve det beste av Årdal:
• Overnatting med frukost og 3-retters middag
• Turpakkar med niste og forslag til fjellturar
• Opplevingar i Utladalen og Jotunheimen
Her ligg alt til rette for både aktive dagar og rolege kveldar.
