Hopp til hovedinnhold

Visnes hotel er medlem av De historiske Hotel og Spisesteder, og legg vekt på personleg service og servering av rein, lokal mat.

Her har vore hotelldrift sidan 1850 og hotellbygningen, som er verna, er eit spanande besøk tilbake i tid, men med dagens komfort.

I 2020 vart også den gamle låven på tunet sett i stand, og her er lokale for møter og arrangement i 1. etasje.

Alle romma på Visnes Hotel er litt ulike, i nostalgisk stil frå 1920-talet. Mange av romma har også balkong, og alle rom har eigne bad.

Frukost serverast i den staselege spisesalen, og om du vil, kan du smøre matpakke med deg til tur. Det er mange aktivitetar og turar å velje mellom nær hotellet. Vertskapet hjelper gjerne til med å planlegge dagen for deg og tilpassar etter personlege ynskje og ver.

Hotellet ligg ein kort spasertur frå Stryn sentrum, og til Loen og Olden er det kort veg med bil. Her finn du kjente turmål som Lodalen, Raksætra, Loen Skylift, Kjenndalsbreen, Briksdalsbreen, Skålatårnet, og mange andre turar! Personale hjelper gjerne med å planlegge for både korte og lengre turar.
For dagsturar med bil, er ei anbefaling å ta turen ut mot kysten, til Selje eller Bremanger. Eller nordover mot Sunnmøre og Geiranger. Her kan du oppleve ein kystnatur som er heilt ulik den vi har inne i fjorden.

Med Visnes Hotel som base, kan du oppleve mykje, og vel tilbake på hotellet på kvelden, kan du nyte eit glas med lokal drikke på terrassen, og ein heimelaga middag i restauranten.

Velkomen til Visnes Hotel!

Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
  • prestestegen 1
  • 6783
Telefon:
57871087
E-post:
post@visneshotel.no
Nettside:
www.visneshotel.no/

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Grønne sertifiseringer

Visnes Hotel Stryn har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
  • MiljøfyrtårnMiljøfyrtårn
Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

Hvor er Visnes Hotel Stryn