Hopp til hovedinnhold
Bestill

I hjartet av Rosendal, omgjeve av nydeleg natur, finn du Baroniet Rosendal Avlsgård og Fruehus – ei overnatting med særpreg og sjel. Her søv du i autentiske 1800-talshus, vakkert restaurerte for å bevara den historiske atmosfæren, medan moderne komfort sørgjer for eit behageleg opphald.

Om morgonen ventar ein kortreist frukost i Storakjøkenet, der levande ljos og varme frå grua skapar ei stemningsfull ramme. Frå mai til september kan gjestene òg bestilla ein smakfull 3-rettars Gårdsmiddag i Ridderstuen, ein oppleving som tek deg tettare på dei lokale smakane og tradisjonane frå Hardanger.

Baroniet Rosendal Avlsgård og Fruehus tilbyr 23 rom og 40 senger, fordelt på to sjarmerande bygningar:

- Avlsgården har 5 enkeltrom og 9 dobbeltrom, alle med autentiske detaljar og lun atmosfære.
- Fruehuset, som ligg skjerma til ved elva, har 2 enkeltrom og 6 dobbeltrom – romantisk innreia med ein koseleg liten hage framfor huset.

Praktisk informasjon:
- Dei fleste romma har vask, medan dusj og toalett er felles på gangen.
- Innsjekking frå kl. 16.00.
- På dagar med 3-rettars Gårdsmiddag blir denne normalt servert kl. 19.00 (bordbestilling på førehand).
- Historiske bygg utan heis eller tilrettelagte handikaprom.
- Daglege buss- og båtsamband til Bergen gjer reisa enkel.

Gjestene kan spasera den om lag 300 meter lange vegen langs elva mellom husa, ein fredfull tur der ein verkeleg får kjenna på roen i landskapet.

PS: Eit godt tips er å sjekka ut det rike kulturprogrammet til Baroniet Rosendal.

Velkomen til Baroniet Rosendal Avlsgård og Fruehus.

Kontakt

Adresse:
  • Baronivegen 44
  • 5470 Rosendal
Telefon:
+47 53 48 29 99
E-post:
info@baroniet.no
Nettside:
www.baroniet.no/overnatting/

Fasiliteter

Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Hvor er Baroniet Rosendal Avlsgård og Fruehus