Hopp til hovedinnhold

Brebussen går dagleg frå Sogndal til Nigardsbreen i Jostedal (23.06 - 31.08)

Denne turen går frå Sogndal til Jostedalen, med Breheimsenteret og Nigardsbreen. I Jostedalen kjem du tett på isbreen og det mektige landskapet i nasjonalparkriket.

På strekninga passerer bussen ei rekke små fjordbygder som Hafslo, Solvorn og Marifjøra. Frå Gaupne køyrer bussen gjennom spektakulære Jostedalen. På Breheimsenteret er det turistinformasjon, lunsjrestaurant og du kan lære om Jostedalsbreen og nasjonalparkriket, glasiologi og klima.

Sogndal Skysstasjon 08:35

Solvorn Ferjekai 08:30

Galden 08:51

Hafslo 08:55

Marifjøra Kryss 09:10

Gaupne 09:15

Jostedal 09:45

Breheimsenteret 09:57

Nigardsbreen 10:05

Retur

Nigardsbreen 16:55

Breheimsenteret 17:00

Jostedal 17:10

Gaupne 17:45

Marifjøra Kryss 17:48

Hafslo 18:05

Galden 18:10

Solvorn Ferjekai 18:15

Sogndal Skysstasjon 18:35

For meir informasjon og rutesøk, sjå Skyss

Sikker ferdsel

Det er fint å gå inn til fleire av breane i Jostedalen. Nigardsbreen og Bergsetbreen er dei mest besøkte breane, men Tuftebreen og Fåbergstølsbreen er òg verd eit besøk.

Isbrear er i rørsle og det kan rase store isblokker frå den utan forvarsel. Isras kan vere farlege, og kan også sperre for smeltevatnet slik at det oppstår plutselege flaumar eller endring av elveløp. Stein kan losne frå dei bratte fjellsidene, særleg når det er regn og uver. Unngå å opphalde deg i område der det kan kome isras, plutselege vassmengder eller steinsprang.
Skal du opp på breen eller heilt bort til den, rår vi deg til å gå med ein guide som kan vurdere forholda. Svaberga blir glatte når det er vått, så sko deg godt! Følg skilting av omsyn til deg sjølv og andre, og få ei god oppleving ved Nigardsbreen, eller andre breutløparar.

Les meir her

Hvor er Brebussen Nigardsbreen