Hopp til hovedinnhold
Bestill

Cider & fruktvin-smaking med noko attåt — kl 16:00 på Ciderhuset

Smaking av 5 ulike stilarter. Til kvar cider&fruktvin kjem det snacks inkludert husets sjokolade. Alkoholfritt alternativ.

Varigheit 1 time

Alder 18+

Bryr du deg om historia bak det du drikk? Er du tørst på nye smakar og ny kunnskap? Du vil få ny fortsåing for fruktdyrking og ciderframstilling etter berre 1 1/2 time hos oss. og du vil få utvida smakshorisonten din gjennom å smake 5 ulike stilar av cider og fruktvin i Glashuset, med utsikt over Sognefjorden.

Vi startar i den økologiske frukthagen vår ved Ciderhuset. Sogn er det eldste fruktområdet i landet. Vi vil vise at smaken startar med dei små podekvistane som strekker seg opp mot det unike fjordlyset ved Sognefjorden. Lyset som har inspirert kunstnarar og eventyrarar i generasjonar.

Saman lærer vi om grunnleggande epledyrking og lokal tradisjon - vårt terroir gjennom nesten 1000 år! Deretter går vi inn i Ciderhuset der vi smakar vår veg gjennom 5 ulike ciderar og fruktvinar og lærer at eple er meir enn berre eple! Vi blir saman kjende med heile spekteret av smakar: søte desserteple, syrlege mateple og bitre cidereple.

Og vi skal lære at cider er meir enn berre "cider". Vi smakar oss gjennom 5 ulike stilartar av cider &fruktvin, til dømes lett "verandacider" til noko som liknar veldig på raudvin og til den frysekonsentrerte eplelikøren

Til kvar av drikkene høyrer også med litt snacks inkludert husets sjokolade.

Kontakt

Adresse:
  • Sjøtunsvegen 32
  • 6899 Balestrand
Telefon:
E-post:
post@ciderhuset.no
Nettside:
www.ciderhuset.no/

Hvor er Cider & Fruktvin Ciderhuset