Bygdemølla som frå 1932 til 1962 var i full drift med å produsere mjøl til heile bygda i Oppstryn er no blitt restaurert og i drift som kafé for alle. Her får du enkel matservering og resepsjon for Grande Camping.
Mølla har framleis spor etter mjølproduksjonen, då kvernesteinen og tørka er ein del av innredninga, og tilgjengelig for gjestane å kome og sjå korleis det såg ut den gongen med godt mat og drikke attåt.
Erdalen held ope i sommarsesongen. Erdalen bygdemølle er ein serveringsstad med lett servering i vekedagane. I helga er det middagsservering. Alkoholservering alle dagar.
For meir informasjon om opningstider - sjå Facebook-sida: @Grande Camping & Erdalen Bygdemølle
Kafé og bakeri
Erdalen bygdemølle
I sommarsesongen kan du besøke historiske Erdalen Bygdemølle i Oppstryn, no restaurert som kafé og serveringsstad med spor etter den gamle mølledrifta.
Hjelle & Oppstryn
© Erdalen bygdemølle
Kilde: Nordfjord
Kontakt
- Adresse:
- Grande
- 6799
- Telefon:
- 97169709
- E-post:
- post@grandecamping.no
- Nettside:
- www.facebook.com/GrandeCamping