Hopp til hovedinnhold

Ved foten av Norges andre høgste fossefall, og i strandkanten av verdas lengste bebudde fjord; Lustrafjorden ligg Feigum kulturstad, på den gamle garden Feigesagi. 

Feigesagi er Luster kommune sin fyrste industristad, og består av sagverket frå 1600-talet, smia frå same periode, Feigemølla frå 1800-talet, og den gamle fjøsen. 

Sesongkafè

No er bygningane restaurerte og i det gamle sagbruket ligg det no ein enkel liten sesongkafè der ein kan få kjøpt seg m.a vaffel, is, kaffi, lokalprodusert jus. Feigesagi har òg skjenkeløyve og du kan få kjøpe øl og vin. 

Kafeen ligg fantastisk til og du kan kome hit ved å køyre "Den romantiske vegen" mellom Skjolden og Urnes, eller du kan leige syklar ved Eplet i Solvorn eller på Skjolden hjå Adventure Tours of Norway og sykle istaden.   Ynskjer du å kome sjøvegen kan du legge til med båt ved kaien vår.  Kafeen er eit ypparleg utgangspunkt for turen opp til Feigefossen (ca 45 minutt opp), eller om du vil ta turen på ca 10 km heilt rundt fossen. 

Det er òg mogeleg å vera med på historievandring i dei gamle kulturminna på garden, der du vil få eit innblikk i korleis det var å bu og drive denne industrigarden rett under Feigefossen. 

I Feiga er det aldri heilt stille, og den beroligande lyden frå fossen gjer at du vil få rolegare kvilepuls og føler at du kjem nærare naturen og deg sjølv. 

Velkomen til oss. 

 

Kontakt

Adresse:
  • Sørsidevegen 1640
  • 6876 Skjolden
Telefon:
905 88 369
E-post:
annemfeigum@hotmail.com
Nettside:
www.facebook.com/feigesagi

Hvor er Feigesagi - under Feigefossen?