Fløy Bakeri er eit handverksbakeri som ligg på Lofthus, i foten av den kjende Dronningstien og berre eit steinkast frå Hardangerfjorden. Alle produkt vert laga på staden med reine råvarer, og bakeriet tilbyr eit variert utval av brød, bollar, påsmurt og kaffi. Alle produkta er handlaga med fokus på kvalitet og ferskheit.
I tillegg til bakverk og kaffi, tilbyr Fløy Bakeri lunsjrettar i sommarmånadene.
Fløy Bakeri er ope frå mai til september. Utover dette vert opningstider og aktivitetar annonsert på bakeriets Facebook- og Instagram-sider.
Velkomen til Fløy Bakeri!
