Hopp til hovedinnhold
Bestill

Velkomen til fyrkaféen – ein kreativ sommarkafé open kvar dag frå 28.juni til 10.august. Opningstidene er kl. 13–18. Kaféen held til i den levande fyrhagen på Ulvesund fyr – der historie, hav og hjartevarme møtest.

Her vert det servert heimelaga mat og drikke med smak av sommar, hav og hage. Den sjølvkomponerte fiskesuppa – som seiast å vere «verdens beste» – er blitt ein signaturrett. Suppa er glutenfri og vert servert med varme, heimebakte rundstykker.

Rosebladar, rips, stikkelsbær, blåbær og eple frå hagen vert til saft, syltetøy og kaker gjennom sesongen. På menyen finn du:

  • Heimelaga saft og syltetøy
  • Nysteikte vafler med unike smakar
  • Heimebakte kaker med bær og frukt frå hagen
  • Is med lun bærsaus
  • Kaffe, te og kakao
  • Glutenfrie og laktosefrie alternativ etter beste evne

Ein kreativ fyrkafé er meir enn ein kafé – det er ein møtestad, ein pauseplass og eit pusterom i kystlandskapet. Her kan ein smake på naturen, kjenne på roen og nyte ein kopp kaffe medan ein ser båtar gli forbi i skipsleia.

Velkomen inn!

Tider

Ukedager:
13:00–18:00
Lørdag:
13:00–18:00
Søndag:
13:00–18:00

Kontakt

Adresse:
  • Ulvesundvegen 270
  • 6718 Deknepollen
Telefon:
+47 952 40 487
E-post:
info@ulvesundfyr.no
Nettside:
www.ulvesundfyr.no/

Hvor er Fyrkafé på Ulvesund Fyr