Hydlastova er kafé i Hydlaparken sine opningstider. Vinterstid kan opningstidene variere noko, oppdaterte opningstider finn ein alltid på nettsida vår. I restauranten kan vi vise til ein meny som passar for alle. Varm mat, salat, kaffe i fleire variantar, kakao, kake og kanelbollar står mellom anna på menyen. Hydlastova er ditt utgangspunkt for gode opplevingar saman med familie og vener – sommar og vinter.
Hydlastova kan leigast til selskap, konferansar/teambuilding. Då tilbyr vi skreddarsydde pakkar ut i frå ditt ønske og behov.
På www.hydlastova.no vil du finne informasjon om planlagte arrangement. Dette kan til dømes vere konsertar, after-ski og andre tilstellingar.
Har du lyst til å samle kollegaer, familie og vener i unike omgjevnader? Ta kontakt på post@hydlastova.no eller tlf. 91 11 64 93 for reservasjon eller meir informasjon.
Restaurant
Hydlastova
Ditt utgangspunkt for hygge til fjells. Berre 10 minutt frå Stryn sentrum finn du Hydlastova i tilknyting til Hydlaparken. Flotte turløyper om sommaren og skiløyper om vinteren finn du rett utanfor døra til Hydlastova.
Stryn
© Hydlastova
Kilde: Nordfjord
Kontakt
- Adresse:
- Hydlavegen 25
- 6783
- Telefon:
- +47 91116493
- E-post:
- post@hydlaparken.no
- Nettside:
- www.hydlaparken.no/