Kafe Borgund Stavkyrkje
Kaféen i besøkssenteret har servering gjennom sesongen. Det er sitjeplassar inne og ute.
I kafeen får du servert heimelaga Borgundsuppe som er ein smakfull, varmande grønsakssuppe servert med focaccia. Det er også eit rikt utval av heimelaga kaker og bakst utan mjølk og egg.
Det er dessverre ikkje kapasitet til å servere lunsj for grupper.
I besøkssenteret finn du ei utstilling om stavkyrkjene sin innverknad på det religiøse livet i mellomalderen.
Her finn du også utstillinga «Unike vikingtidsfunn» frå verkstadleiren Bjørkum i Lærdal, som vart funnen i 2009. Funna frå folkevandringstid og tidleg vikingtid (datering av leiren er 650-850 e. Kr.) er svært rike. Mellom anna inneheld dei ein av verdas finaste kammer frå vikingtid.
NB: Du må løyse billett til kyrkja/besøkssenteret for å få tilgang til kaféen. Senteret er ope 09.30-17.00 kvar dag.
