Servering på Lindstrøm Hotel i Lærdal
På Lindstrøm Hotel er vi oppteken av å lage god, heimelaga mat. Vi har god tilgang på fine, lokale råvarer frå frukt- og grøntbygda Lærdal og likar å stå på kjøkkenet. Hos oss skal du få gode smaksopplevingar og bli god og mett.
Hotellet har mange fine stover, der ein kan slappe av og nyte noko å drikke. Prøv ei stove frå 1800-talet, eller «biblioteket» med eldre møblar og mykje bøker. Eller ønskjer du å sitte framfor peisen i hovudbygget? Uansett vil vi gje deg eit hyggeleg opphald.
Tid for servering:
FRUKOST: 07.00 - 09.00
MIDDAG: 19.00 - 20.30
LUNSJ: På forespurnad
