PS Bryggekafé ligg heilt på bryggekanten, i hjarta av Kråko Sjøhytteområde, i Fitjar. Badestrand rett attmed, og her kan du komma sjøvegen og legge til kai rett ved sida av kaféen. Her er også gjestehamn om du ønsker å bli natta over!
Kaféen serverer sjømat og annan mat, sjå meny på heimesida ps-bryggekafe.no
Her får du god mat og spesielle opplevingar i omgjevnader som gjer at du senker skuldrene og får gode opplevingar!
Sjå opningstider på Facebook-sida til PS Bryggekafé!
Sjølv om det ikkje er ordinære opningstider, tilbyr PS Bryggekafé skreddarsydde opplevingar for bedrifter og grupper (minimum 10 personar). Det er berre å ta kontakt!