La oss tirre smaksløkane dine med ein saftig burger med tradisjonelle, spicy eller dristige kombinasjonar.
Barbecue, chipotle, bacon, pulled pork, cheddar, chorizo og mykje meir – du finn garantert din favorittsmak hjå oss. Me har òg burgerar til deg som føretrekkjer vegetar- eller vegan-kost, og kvar månad presenterer me ein ny og spennande "Burger of the month"!
Vågal Burger and Gin er også ein sosial møteplass og bar med alle skjenkerettar i lune og trivelege lokale. Som namnet antyder har me over snittet sortar av gin, men me har også eit rikt utval lokale ølsortar frå Balder, Ægir, Voss, og 7 Fjell, i tillegg til ei rekkje kaffidrinkar, cocktails, musserande vin, mineralvatn og juice.
Vågal leverer alle hamburgerane og rettane som takeaway. Ta med deg ein burger heim til middag i dag!
