Bestill

Askvoll Fjordhotell - Eit ypparleg utgangspunkt for å oppleve den vakre fjordkysten. Askvoll Fjordhotell er eit lite familiehotell og ein restaurant i sentrum av Askvoll kommune. Her har vertskapet ein stor lidenskap for heimelaga mat basert på lokale råvarer. Frå Askvoll Fjordhotell har du eit ypparleg utganspunkt for å kunne oppleve kystkulturen, lokal mat og eit hyggeleg hotellopphald. Her er kort veg frå hotellet til flotte turstiar. Kva med å ta ein tur til Blåfjell i Askvoll, den høgste og næraste fjelltoppen til Askvoll sentrum. Her får du eit fabelaktig utsyn over store delar av kommunen. Bare ein times fergetur frå Værlandet finn du øysamfunnet Værlandet og Bulandet. Midt i havgapet, godt vakta av den majestetiske Alden, ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5.240m veg.

Askvoll Fjordhotell har 25 rom der tre av dei er handicapvennleg. Her finn du 6 familierom og 7 rom for sjølvhushald. Askvoll Fjordhotell tilbyr utleige av sykkel. Her finn du 5 vaksne sykler, 2 sykler for born samt 2 elsykler. 

  • Facebook logo
  • Instagram logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Askvollvegen 432
  • 6980
  • Askvoll
Telefon:
57 73 35 35
E-post:
post@askvollfjordhotell.no
Nettside:
www.askvollfjordhotell.no

Fasiliteter

Restaurant:
WIFI/Internett:

Hvor er Askvoll Fjordhotell?