Hopp til hovedinnhold

Velkommen til vakre Avdalen Gard i Utladalen 

Bygg og kulturlandskap er restaurert, og vert i dag drifta av Stiftinga Avdalen Gard. Stiftinga sitt styre er sett saman av representantar frå grunneigarane, familie, eldsjeler og bygdefolk som alle brenn for Avdalen og Utladalen. Arbeidet dei har lagt ned er grunngjevande for at Avdalen Gard i dag kan vera open og tilgjengeleg for turfolk som ønskjer overnatting.

Avdalen Gard har 22 sengeplassar og full servering. Det er også eigen bygning med dusj og tørkebu. Avdalen Gard er kjend for det spesielle 'fjøsblues' arrangementet som er i slutten av juni kvart år.

Avdalen Gard er betjent i sommarsesongen frå juli til slutten av august. Utanom sesongen er eine stabburet ubetjent (DNT-nøkkel).

Det heiter seg at garden vart rydda på slutten av 1500-talet. Dei fyrste brukarane av garden kom frå nabokommunen Luster. Kjell i Affedalen fra Fortun er nemnd som fyrste brukar av garden i 1598. Garden er fyrste gong nemt i kjelder i 1603 og 1611 under namnet Affuedall, Attdall i 1666 og Afdahlen i 1723. Namnet kjem av at det er ein "afsidesliggende dal" (Ivar Aasen).

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Utladalsvegen 679
  • 6884 Øvre Årdal
Telefon:
902 74 996
E-post:
post@avdalen.no
Nettside:
www.avdalen.no

Hvor er Avdalen Gard, Årdal?