Det blå huset i Bakkegata er eit 100 år gammalt, men nyleg oppussa jugendstil-hus i Odda. Den sentrale plasseringa gjer at alt av til dømes butikkar, restaurantar og barar ligg i gangavstand frå eigedomen. Det same gjeld turistinformasjonen, taxi-haldeplassen og startpunktet for shuttlebussane til Trolltunga og Skjeggedal.
Huset, som kombinerer den gamle stilen med moderne fasilitetar og komfort, har 5 leilegheiter i ulike storleikar. Alle desse inneheld kjøken, eige bad og vaskemaskiner. Eit opphald i Bakkegata passar difor godt for både par, familiar og små grupper.
I hovudsesongen har dei ein sovesal med plass til 12 personar i køysenger. Også her er det bad, kjøken og oppbevaring for sko og klede. Dette alternativet passar spesielt godt for dei som ynskjer å bu komfortabelt til ein rimelegare penge.
Velkomen til Bakkegata!
Hytter og feriehus
Bakkegata
Odda
Kilde: Visit Hardangerfjord
Kontakt
- Adresse:
- Bakkegata 4A
- 5750 Odda
- Telefon:
- +47 90121486
- E-post:
- office@bakkegata.com
- Nettside:
- bakkegata.com/no/
Fasiliteter
- Butikk:
- Fiskemuligheter:
- Matservering:
- Restaurant:
- Utstyr til leie:
- Treningsrom:
- WIFI/Internett:
- TV:
- Sesong:
- Høst
- Sommer
- Vinter
- Vår