Hopp til hovedinnhold

Kommunesenteret Askvoll er den naturlege innfallsporten om du kjem sjøvegen, og er eit godt utgangspunkt for å utforske kommunen. Her finn du det meste av servicetilbod og eit godt utval av lokale butikkar. Under finn du ei oversikt over bubilparkeringar ved kommunesenteret Askvoll

Askvoll småbåtlag og camping

Ved Øyra, berre eit steinkast frå Askvoll sentrum ligg Askvoll småbåtlag og camping. Her finn du 19 oppstillingsplassar for bubilar og caravan, og eit grøntområde for telting. Her er tilgong til straum og vatn, vaskemaskin og tørketrommel, toalett, dusj og gratis WI-FI. Du finn også moderne tømmestasjon for gråvann og septik ved innkjørsla til plassen.

FjordLagunen camping

Camping- og bubilplassar ved FjordLagunen ligg lunt til på Vårdalsneset ved vakre Dalsfjorden. Her kan du leige glampingtelt, og du finn gode campingsplassar for telt, bubil og campingvogner. Campingplassen har plass til 35 vogner og ligg fint og lunt til med utsikt mot lagunen og fjorden.

Kontakt

Adresse:
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Bubilparkering i Askvoll ?