Bestill

Sørbøvåg er ei vakker vestlandsbygd ved innløpet til den verdsberømte Sognefjorden. Her ligg Fjordkick -flotte feriehus med panoramautsikt over Åfjorden og majestetiske Lihesten – eit eldorado for turgåarar og naturinteresserte. Gode fisketilhøve både i fjorden, lenger ut i havet og i dei mange fiskevatna på land. Fjorden er isfri heile året. Fantastisk turterreng så vel på sykkel, som til fots.

FERIEHUSA TORSKEN, SEIEN OG LYREN

3 komfortable hytter som passar for 4 - 7 personar. Fire soverom med seks enkeltsenger som kan setjast saman, med moglegheit for ekstraseng. Feriehusa har høg standard på solrike tomtar. Feriehusa er moderne med gode kvalitetar som vassboren, golvvarme og sauna. Du finn ei stove med TV, fullutstyrt kjøkken med kombiskap, bad, sauna/boblebad og internett. Feriehusa har terrasse med grill og utemøblar, og ein finn ein utebod med stor frys og plass til fiskeutstyr. Terasse med grill og utemøblar. Utebod med stor frys og plass til fiskeutstyr. Parkering ved hytta. Feriehusa er tilrettelagt for rullestolbrukarar på første plan og er svært ideell for barnefamiliar. Av omsyn til dei som er allergisk er husdyr ikkje tillatt. Båt- og sløyeplass ved nye betongflytebrygger, 50m.

SJØBUA LAKSEN

Sjøbua er frå 1930-talet, og blei ombygd til feriehytte på 1980-talet. Sjøbua er bygd så nær sjøen du kan komme med panoramautsikt frå terrassen. Perfekt for deg som elskar sjølivet og vil ha kortast mogleg veg til sjø og båt. Sjøbua har enkel standard med stove med TV, fullt utstyrt kjøkken med kombiskap, bad med vaskemaskin og tørketrommel og gratis internett. Sjøbua passar for 2 - 4 personar og har tre soverom med to enkeltsenger på kvart rom. Du finn parkering 40 meter unna. Det er tilrettelagt sløyeplass på brygga under terrassen med ferskvatn. Området er eit glimrande utgangspunkt for fjellturar, båtturar, fiske, padling, bading, dykking, sykling og riding. I tillegg er det leike- og badeplass, aromaterapi/spa, dykkesenter og Noregs kanskje beste biljardklubb - alle innanfor 100 meter frå hyttene.

Ny gjestehamn og oppstillingsplass for bubil med sanitæranlegg foinn du ved Kvernsteinen Pub og Café.   

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Sørbøvåg
  • 6958 Sørbøvåg
Telefon:
+ 47 57 78 92 92
E-post:
mail@fjordkick.no
Nettside:
www.fjordkick.no

Fasiliteter

WIFI/Internett:
Båt til utlån/utleie:
Fiskemuligheter:
TV:
Parkering:
Kjøkken:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Fjordkick Feriehus?