Hopp til hovedinnhold

Her bur du tett på sjøen, med eiga skjerma båthamn. Heilt usjenert og stille – og med unntak av hovudhuset, som du ser på bilete under, er det over 400 m til næraste naboar.

Huset har to romslege soverom med tilhøyrande eigne bad. Begge soveromma har luftkjølingsanlegg. Om ynskjeleg er det i TV-stove på hems ein vinkelsofa som kan oppreidast med gode overmadrassar for to ekstra senger. Huset har eige vaskerom med toalett ved inngangen.

Et velutstyrt kjøkken innbyr til matlaging, samvær eller bare en rolig start på dagen med en kopp drypptraktet kaffe. Her er det steikeovn og kombidampovn og vinskap.

Eigaren har ein J80 seglbåt som etter avtale kan disponerast av erfarne seglarar. Likeeins kan erfarne båtfolk med båtførarbevis få nytte 14 fots open båt med 10 Hk påhengsmotor.

HISTORIE

Huset ligg på garden Flesje i Balestrand. Fram til sist på 1600-talet var Flesje ein del av grannegarden Tue. I 1692 vart Hans Blix fut i ytre Sogn, og han bygde opp Flesje til futebustad. I 1774 kjøpte militærkaptein Jacob Meidell garden, og ætta hans åtte staden like fram til 1951. I 1948 kom Nils og Jenny Tenningås til Flesje, og i 1951 fekk dei kjøpa garden. Dei slutta med stølsdrift i 1953, og fruktdyrking vart etter kvart ei viktig næring. Nils og Jenny var dei første bøndene som åtte Flesje sidan 1685. I 1990 var garden seld til Rune Andersen som er den noverande eigaren. Rune er utdanna sivilingeniør, og har ved sidan av å drive sitt eige rådgivingsfirma brukt mykje tid på å setta i stand bygningar og uteområde på garden.

Kontakt

Adresse:
  • Flesje, Balestrand
  • 6899 Balestrand
Telefon:
41507248
E-post:
rune.andersenas@sogn.no
Nettside:
www.flesje-gard.no

Fasiliteter

Barnevennlig:
Parkering:
WIFI/Internett:
Grill:
Utendørs fasiliteter:
Kjøkken:
Oppvaskmaskin:
Vaskerom:
Utsiktspunkt:
TV:
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Flesje Gard, Balestrand?