Hopp til hovedinnhold

Butikk, kro og gjesteham på Sunnfjords perle!

Svanøybukt er ein møteplass for båtfolk, innbyggjarar og ferierande. Her finn du gjestehamn, landhandel og kro. Gjestebrygga har straum og vatn, og servicebygg med dusj, toalett, vaskemaskin og tørketrommel som er ope heile døgnet og er inkludert i døgnleiga. I sommarsesongen er butikken og kroa opne til langt utpå kvelden kvar dag, med servering om ettermiddagen av lokalprodusert mat. Her kan du nyte livet i sola på uteserveringa, surfe nettet med utsikt mot bukta, eller leige deg ein sykkel og oppleve meir av øya.

Svanøy har ei rik og mangfaldig historie frå tida som adels- og futsete med gruvedrift, haugianarar og restar etter vikingstida. Svanøy Hovedgård, Norsk Hjortesenter og Galleri Svanøe lokkar med opplevingar. Flott sandstrand for badeaktivitetar og mange fine turløyper i nærleiken av kaia. Kom gjerne innom butikken for å få meir informasjon og gratis kart!

FOR MEIR INFORMASJON OM SVANØY:

Sjå heimesida https://svanoy.no/ eller last ned appen Havlandet (berre android).

 

  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • 6914 SVANØYBUKT
Telefon:
57 74 00 29
E-post:
'post@seglinn.no'
Nettside:
seglinn.no

Fasiliteter

Vannpåfylling:
Lekeplass/lekerom:
Kafé:
Restaurant:
Vaskerom:
WIFI/Internett:
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Gjestehamn - Svanøy Segl Inn?