Hopp til hovedinnhold

I Ofredalen kan du leiga både sjøbu og våningshus. Enten du vil overnatta eller ha eit festleg lag. Våningshuset inneheld fire rom med to senger på kvart rom.

Sjøbua har tre rom som vart pussa opp i 2016, det eine romme har dobbelseng, eit rom er familierom med dobbelseng med køye over og ei ekstra køyseng og rom nummer tre har 2 senger.

Ring +47 944 64 044 eller send epost til indreofredal@gmail.com

To av romma har utsikt utover fjorden. Du må dela dusj og toalett med dei andre gjestene.

Indre Offerdal har 7 rom/ 15 senger. Anlegget ligg ved sjøen, og er eit sjeldan kulturminne frå overgangstida mellom bondesamfunn og industrisamfunn. Indre Offerdal har mellom anna mølle og sagbruk med oppgangssag som var i drift til inn på 1900-talet.

Plassen er eit gammalt industri område der det var saga som var hovedbruken, plank som vart saga leverte dei det meste til Bergen. Det vart og dyrka frukt som også vart levert til Bergen og andre kundar i Sogn. Det var postkontor og telegraf her, posten vart stengd i 1987. Endre Offerdal var ordførar i Årdal frå 1860 og fram til 1895 med noken små avbrot. Ordføraren var busett her ute til sonen Ivar tok over i 1890, Ivar var og ordførar i fleire år.

Kontakt

Adresse:
  • Ofredal
  • 6885 Årdalstangen
Telefon:
E-post:
haraldthune@hotmail.com
Nettside:
www.visitardal.no/overnatting/2016/1/29/vningshus-og-sjbod-i-offerdal

Hvor er Indre Offerdal Bed & Breakfast?