Hopp til hovedinnhold

Eit opphald hos oss kan vere så mykje; ein stad å trekke seg tilbake, lade opp og hente nye krefter. Det kan vere ein stad å jobbe, ein stad for samver eller eit godt utgangspunkt for ein tur til Vettisfossen eller andre turar i Årdalsfjella eller Jotunheimen.

Opplev Vettisfossen, Utladalen og turar i Årdalsfjella. Bruk Klingenberg hotell som base for opplevingar og utnytt våre gode pakketilbod.

- Opphald og 3-retter middag

- Topptur til Middagshaugen

- Tur til Vettisfossen

- Topptur til Bøttejuv

På Klingenberg Hotel har me 49 unike rom, så merk av når du bestiller dersom du ynskjer badekar, utsikt eller eller har andre behov. Me strekker oss langt for at du skal ha ei god oppleving her hjå oss.

Book enkeltrom, stort enkeltrom eller dobbeltrom. 

Mat & Drikke

Kjøkkensjef Tobias Joutsen er lidenskapeleg opptatt av å skape ei matoppleving for gjestene, og søker stadig etter nye smakar og mogelegheiter til å skape spennande og moderne rettar. All mat er laga frå botnen og tek utgangspunkt i dei beste tilgjengelege råvarer i sesong, og aller helst så kortreist som mogeleg. Blandt sjarmerande omgjevnader inst i Sognefjorden har me eit heilt unikt utgangspunkt med tilgang på fantastiske råvarer som frukt, bær og grønsaker frå nabobygda Lærdal, sjøkreps frå fjordarmane, fjellaure og ikkje minst hjort og anna vilt som vandrar rundt i fjellområda våre.

 

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Torget 3
  • 6885 Årdalstangen
Telefon:
57665800
E-post:
post@klingenberghotel.no
Nettside:
www.klingenberghotel.no

Fasiliteter

Konferansefasiliteter:
Frokost:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Klingenberg Hotell?