La Pergola i Sogndal er spesialistar på italienske rettar av både kjøt, fisk, kylling, pasta og pizza. Våre dyktige kokkar lagar alt frå botnen og vil gjerne overraske deg med den ekte smaken av Italia

Bruschetta, carpaccio, parmaskinke og mykje meir – du finn garantert din italienske favorittsmak hjå oss. Me har òg salatar og pizza til deg som føretrekkjer vegetar- eller vegan-kost – og dessertane våre er eit eventyr av sjokolade, bær, fløyte og mykje meir.

Italienske spesialitetar

Me er stolte av tilbodet vårt av smårettar og antipasti. Her finn du spesialitetar som Burrata – ein mozarella-spesialitet frå Puglia; Carpaccio av både okse og laks; ASC-sertifisert scampi; spekefat med parmaskinke og salami; og ikkje minst ferske, heimelaga focaccia og bruschetta.

Uteservering

Som namnet vårt speglar har me ein romsleg, overdekt uteservering med sol til langt på kveld når vêret er med oss. Blir det for friskt ute er du velkomen til å setje deg inn i den trivelige restauranten vår dekorert med lune innslag av anglo-italiensk populærkultur. Frå bordet kan du dessutan følgje med på kokkane våre medan dei gjer sitt ytterste for at måltidet ditt skal bli ei oppleving.

  • Facebook logo
  • Instagram logo

Kontakt

Adresse:
  • Gravensteinsgata 5
  • 6856 Sogndal
Telefon:
+47 57627700
E-post:
q.sogndal@choice.no
Nettside:
www.qualityhotelsogndal.no/la-pergola

Hvor er La Pergola, Sogndal?