Leonards Forlaavelse er ein særprega spisestad og oppleving, med eit stort utval oster og lokalmat på menyen. Gardsutsal m/låvebakst, lokalmat og stor ostedisk. Interiørbutikk og brukt/Antikavdeling. Intim og autentisk atmosfære. Låve med allrom og kjøkken m/steinovn i fjøsen. Hagebygg og urtehage i fjæresteinane ved Dalsfjorden.
Leonards Forlaavelse har dyktige lokale samarbeidspartar på matoppeving, kultur og transport, som Mor Villrose, Rivedal, kystkulturminna Nilsbua, Hellevik kai, Lillingstonheimen på Tysse og Lone gard og transport på fjorden/veg.
Forlaavelsen er ein perfekt stad for ei dagsutflukt, for spanande og eksklusiv shopping, og avkopling med gode smaker i idylliske omgjevnader.
Forlaavelsen har også ansvar for mattilbod og utleige av rom/overnatting i Lillingstonheimen, Tysse.
Kva Leonards Forlaavelse kan tilby
Månadlege arrangement med matoppleving og shopping. Skreddersydde matopplevingar/spisestad og shopping etter avtale. Sjølvbetjente og døgnopne butikkar. Skreddersydde opplegg for grupper til privat- og bedriftsmarknad. Levering av frukost, lunsj-/picnickurver/suppe, nistepakker, bakst, matkurver og gaveposer på bestilling.
Menyer
Forlaavelsesbuffét, tallerkenretter med stort utval oster, skinker, spennende tilbehør og låvebakst, samt suppe.
Kvar finn du Leonards Forlaavelse
Leonards Forlaavelse ligg ved Dalsfjorden. Sving av ved Nærbutikken Hellevik, køyr inn grusvegen, sving til høgre og ned bakken - så er du framme ved sjøtunet ved Dalsfjorden.
Opningstider
Leonards Forlaavelse har månadlege arrangement. Butikken er open etter avtale.