Har du lyst til å bu rimeleg og komfortabelt heilt i strandkanten ved Sognefjorden? Då er Luster Fjordhytter eit svært godt alternativ. 12 fullt utstyrte hytter med fjernsyn, kjøkken, WC og dusj. 5 senger i 2 rom. Balkong med fjordutsikt.
Hytteanlegget disponerer fellesrom med plass til 40 - 50 personar - noko som gjer det attraktivt for kurs, seminar, fødselselskap m.m.. Dei 12 hyttene er bygde i to omgangar. Dei åtte som ligg nærast kaien var ferdige i 1987 og ligg i andre etasje. Dei fire andre er frå 1994, litt større og på bakkenivå med separat veranda for kvar hytte.
Det er strandpromenade med benker mellom hyttene. Alle som har vore gjester framhevar det fine utsynet, og då spesielt over Feigefossen (218 meter fritt fall), som brusar på andre sida av fjorden.
Hytter og feriehus
Luster Fjordhytter
Er du interessert i nasjonalparkar, eller likar du å besøka attraksjonar som står på UNESCO si verdsarvliste? Om svaret er ja, bør du planleggja ein tur til Luster, som har alt dette og mykje meir å by på!
Feigom
Kontakt
- Adresse:
- Høyheimsvik
- 6875 Høyheimsvik
- Telefon:
- +47 480 08 374
- E-post:
- post@luster-fjordhytter.com
- Nettside:
- www.luster-fjordhytter.com/