Hopp til hovedinnhold

Tenk deg nysteikte brød og bollar - og duften av dette! Køyrer du ved lustrafjorden inn mot Skjolden eller mot Gaupne så må du ta deg ein pause på Lustrabui! Lustrabui har og ein butikk i Sogndal sentrum. 

Her servera dei rykande ferske brød, kanelsnurrer, lustrabolle, skulebolle, brownie, kaker og muffins. Du finn og eit rikt utvalg av ulike typer juice frå Kroken frukt og bær og i frå Eplet bed and apple. Lustrabui servera og kaffi, te, mineralvatn og alkohol som øl og vin. 

I bakeriet i Lustrabui er brøda laga av vanleg mjøl, vatn frå springen, surdeig, gjær og havsalt. Me har ei maskin som gjer eltejobben, resten vert utført med menneskeleg arbeidskraft.

I tillegg har me uendeleg tolmod og vedfyrt bakarovn - dette gjev brøda ein rik smak og aroma. Hugs at brød er ferskvare. Dei smakar best fyrste dagen.

Velkommen! 

Kontakt

Adresse:
  • Bringebakkane 2
  • 6872 Luster
Telefon:
469 48 845
E-post:
lustrabui@online.no
Nettside:
www.lustrabui.com/

Hvor er Lustrabui?