Hopp til hovedinnhold

I pakt med naturen
Melkevoll Bretun er bygd i pakt med naturen. Ein finn små og store terassar for telt og bobil, der ein kan få sitt private område mellom stein og tre. Mange gjev tilbakemeldingar at måten Bretunet er bygd på og utforma er ei oppleving i seg sjølv! Det ligg mykje kreativt arbeid bak vegane i steinura, utsiktspunktet, og ikkje minst Steinalderhola som ein finn midt i ura. På campingplassen er også Utelada, - inspirert av gammal byggestil for utelader, med store matbord, kjøkken og grillplassar. Her kan ein nyte eit godt måltid omkring bålet i grua.
Resepsjonen er open dagleg gjennom hovedsesongen, og har ein liten butikk og kafe med utsikt mot elv og bre. Her serverer vi kaffe, kaker og vafler mellom anna, og har varme brød og rundstykker klar for dei som ynskjer på morgenen.

Fjellturar
Melkevoll Bretun er utgongspunt for mange flotte fjellturar. Her finn ein turar for dei mest fjellvande, og også lettare turar for dei som ynskjer det, eller dei som ynskjer å gå med heile familien. Av dei familievennlege turane anbefaler vi Sætremarka like ved campingen, Briksdalbreen og Brenndalsbreen.

Med startpunkt frå Melkevoll kan ein gå til Oldeskaret og Kattanakken. Frå Oldeskaret kan ein gå vidare til Blåfjellet, eller heilt over til Stardalen dersom ein har nokon å hente seg på andre sida.

Ellers har Oldedalen mange flotte sætre og fjellturar nært unna, meir informasjon er å finne på vår heimeside, eller kontakt resepsjonen når du er her for meir info.

Natursti, buldring, klatring og yogaklassar
På Melkevoll Bretun har vi mange ulike aktivitetar; Her er eit stort buldrefelt for klatrarar, samt fleire yogaklassar i veka gjennom hovedsesongen, i den vakre Blåfjellshallen. På kveldstid er saunaen varm for alle våre gjester, og kanskje fristar det med eit dupp i kulpen med brevatn utanfor?

Omkring Bretunet finn ein ein kultur og natursti på fine stiar og vegar, med utsiktgspunkt mot både Oldevatnet og Briksdalsbreen. Med Melkevoll Bretun som base kan ein også oppleve mange spennande utflukter.
Les meir om buldring her: Buldring

Steinalderhola – overnatting og servering
Midt i Ura på Bretunet finn ein ei steingrotte vi kallar Steinalderhola. Her kan ein overnatte med reinskinn og bål. Mange leiger også hola til teambuildingsturer, bursdagsfeiringer og anna; då gjerne med catering eller anna mat.
Les meir om Steinhola her Steinalderholda

Blåfjellshallen – yoga og retreat
Melkevoll Bretun er også base for Blåfjellshallen og Blue Mountain Yoga. Her er det yogaklasser fleire gongar i veka gjennom hovedsesongen, samt ope rom for dei som ynskjer å praktisere yoga sjølv på morgonen. Ein kan altså ha sitt eige retreat i naturen, eller delta på eit av dei arrangerte samlingane med yoga, sunn mat og erfarne instruktørar.
Blåfjellshallen er i tillegg til kursverksemd, brukt som lokale for ulike typar feiringar, korsamlingar, konsertar og anna.

Blåfjellshallen har ei spesiell utforming, bygd opp etter ein stor stein i ura, med glastak med utsikt mot Vollfossen og isbrear.

www.bluemountainyoga.no
Les meir om Blåfjellshallen her: Blåfjellshallen

Utflukter i området
I tillegg til turer til Briksdalsbreen og Brenndalsbreen, og andre nærliggande fjellturer, så er Bretunet for mange base for fleire utflukter. I Oldedalen kan ein nyte god tradisjons mat på Aabrekk gard, gjerne etter ein tur til Brenndalsbreen. I tillegg er det få minutt unna Oldevatnet, og kafe og kanomoglegheiter på Yri.

Frå Melkevoll Bretun er det 20 minutt å køyre til Olden, 25 minutt til Loen og Loen Skylift – litt meir til Lodalen og startpunktet til Skålatårnet. Vi er å finne 40 minutt frå Stryn sentrum. Det er også muleg å ta lengre dagsturer til både kysten, Geiranger, Oppstryn, Strynefjellet og anna frå Melkevoll Bretun.

Les meir om Oldeskaret her: Oldeskaret
Les meir om Briksdalsbreen her: Brikdalsbreen

Kilde: Nordfjord

Kontakt

Adresse:
• Oldedalsvegen 2167
• 6792
• Oldedalen
Telefon:
E-post:
info@melkevoll.no
Nettside:
www.melkevoll.no

Fasiliteter

Restaurant:

Hvor er Melkevoll Bretun Camping?