Hopp til hovedinnhold
Bestill

Ølmheim Siderhage er vakkert plassert på Slinde ved fjorden ikkje så langt frå Sogndal sentrum.

Opplev Ølmheim Siderhage sin særeigne fruktgard langs Sognefjorden, driven av familien i 13 generasjonar. Smak på prisvinnande sidrar saman med smaksrik pizza toppa med lokale råvarer. Bli kjent med produksjon av høgkvalitets sider – tørr, flaskegjæra og moderne.

Garden tilbyr omvisningar og sidersmaking heile året på forespørsel.

Alle under 18 år går gratis og får eit alkoholfritt alternativ. Ein må rekne med 1 ½ - 2 timar. Klikk her for meir informasjon.

Sigrid og Endre ynskjer deg velkommen til Ølmheim Siderhage. I dei bratte liene langs Sognefjorden er det fantastiske moglegheiter for fruktdyrking. Og på akkurat ein slik plass finn du Ølmheim Siderhage. Garden har vore i Ølmheim familien i godt over 300 år. Frukt har dei alltid hatt og no serverer dei ho i tillegg på flaske.

Siderhagen lager moderne, naturleg og tørr sider. Sideren blir laga på den langsame måten, slik at den får god tid til å utvikle naturlege bobler og aromaer.

På ei omvisning får de eit godt innblikk i siderproduksjon og korleis det er å drive gard i landskapet langs fjorden. Omvisninga inkluderer ein runde i frukthagane, produksjonslokalene til sider, innom siderkjellaren og avslutning med smaking av siderane i bestastova frå 1800 - talet.

Ølmheim Siderhage kan i utgangspunktet ta grupper opp til 30 personar. Er det større grupper, ta kontakt så finn dei ei løysing.

Fasiliteter:

Tilkomst med buss

Parkering

Toalett

Enkelt å bevege seg rundt på smakinga

Turmuligheter frå tunet og i nærleiken

Du kan få kjøpt sider og alkoholfri saft til sals i gardsutsalet. Det er ope kl 0830-1800 måndag til laurdag heile året.

Kontakt

Adresse:
  • Norafjordvegen 977
  • 6859 Slinde
Telefon:
414 08 558
E-post:
endre@siderhagen.no
Nettside:
www.siderhagen.no/

Hvor er Ølmheim Siderhage