Hopp til hovedinnhold

Velkomen til Petrines Gjestgiveri Lengst inne i Storfjorden har vi gode dagar vi gjerne deler med deg og dine, anten det er familie, vener eller kollegaer.

Du finn oss i bygda Norddal vegg-i-vegg med Geirangerfjord Verdsarvområde, ved innfallsporten til Geiranger-Herdal landskapsvernområde, rett over fjorden for Trollstigen og eit litt langt steinkast unna Reinheimen nasjonalpark. Vi er omgitt av vakker og dramatisk natur i alle himmelretningar, og byr på mange slag opplevingar i kultur og natur.

I hovudhuset har vi 10 rom med til saman 21 senger. Romma har enkel standard, men svært gode senger og flott utsikt i kvar sine himmelretningar. Huset har ikkje heis, men om du vil, hjelper vi deg gjerne med bagasjen!

Vi har og familieleilegheiter på Norddalstunet, 240 meter frå hovudhuset. Her har vi fem familieleilegheiter som alle er om lag 42 m2 store, samt eitt enkeltrom. Total kapasitet  er 21 vaksne. Her får du soverom med dobbeltseng, stove med dobbel sovesofa, stort bad, kjøkkenkrok og eigen terrasse. Alle kjøkkena har to kokeplater, medan to leilegheiter har steikeomn i tillegg.

Ta kontakt om du lurer på noko, vi ser fram til å få besøk av deg!

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo
  • Instagram logo

Kontakt

Adresse:
  • Rellingsvegen 44
  • 6214 NORDDAL
Telefon:
+47 481 39 836
E-post:
petrines@blaatind.no
Nettside:
www.petrines.com

Fasiliteter

Restaurant:
Parkering:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Hvor er Petrines Gjestgiveri?