Me har valgt dei mest spektakulære plassane i Amla, med tanke på utsikten over Sognefjorden. Me har og valgt plassar som skal gi den beste naturopplevinga. Vi skal ta vare på skogen, fugle- og dyrelivet, ved og rundt hyttene. Me kom tidleg opp med ideen om å byggje tretopphytter, på stader i skogen med spektakulær utsikt med villmarksoppleving.

Ramnereiret har plass til 4 overnattingsgjester og står for alt av serviring til tretopphytta. Ynskjer du aktivitetar og attraksjonar så fikser Ramnereiret dette. 

Ramnereiret AS blei skipa i mai 2017, og skal stå for booking og drift av tretopphyttene.

Hyttene skal ha utgangspunkt i gamal norsk byggeskikk. Det er laftehytte, stavlafthytte, grindabygg, stabbursbygg og dei gamle stavkyrkjene. Den første er inspirert av stavkyrkjene.

Bygging og drift er planlagt med ynskje om bærekraftig reiseliv. Me ynskjer å bygge og drifte hyttene på ein mest mogeleg miljømessig måte.

Hausten/vinteren 2013/14 gjekk 11 familiemedlemer saman og skipa aksjeselskapet Alfheim Skog & Jakt AS med formål om å kjøpe og drive Statskogen Alfheim.

 

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Amladalen 7
  • 6854 Kaupanger
Telefon:
E-post:
post@ramnereiret.no
Nettside:
www.ramnereiret.no/

Hvor er Ramnereiret, Kaupanger?