Hopp til hovedinnhold
Bestill

Sjøtunet ligg på Rykkje, 5 km. frå  Øystese i retning Fyksesundet. Sjøtunet består av tre utleigeeiningar som ligg fantastisk til ved Hardangerfjorden, med utsikt over fjorden mot isbreen Folgefonna.  Utleigeeininga "Pakkhuset" er bygd i 2010 og har plass til seks/sju personar. Hytta har høg standard og tilrettelagd for funksjonshemma. "Sjøloftet" har kapasitet på fire/seks personar og "Naustet" har plass til to/fire personar. Hyttene ligg på eit småbruk med frukttyrking og sauer. Utleige av båt og moglegheit for padling. Sjå meir informasjon om kvar utleigeeining under.

Pakkhuset
Er bygd i 2010 er 80 m2. Plass til 6 eventuelt 7. Stove med stor kjøkkenkrok, 1 soverom første etasje, 2 soverom andre etasje, enkle eller doble senger.
Veranda mot fjorden. Hytta har sers høg standard og er tilrettelagt for handicappa. Parkering ved hytta.

Sjøloftet
Er bygd i 1994 og er ca 50 m2. Hytte/ sjøhus med stove og fullt utstyrt kjøkkenkrok. 2 soverom med enkle/ doble senger, hems med to madrassar og veranda mot fjorden. Bad med dusj, wc og vaskemaskin.

Naustet
Er bygd i 1997 og er 30 m2. . Plass ti to vaksne og eventuelt to små barn.
Stove med fullt utstyrt kjøkkenkrok, og to breie senger. Bad med dusj og wc og veranda mot fjorden Vaskemaskin og fryseboks tilgjengeleg. Parkering på tunet. Sengetøy er inkludert.

Kontakt

Adresse:
  • Fyksesundvegen 267
  • 5610 Øystese
Telefon:
+47 95864753
E-post:
sjotunet@gmail.com
Nettside:
www.sjotunet.no

Fasiliteter

Fiskemuligheter:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Utsiktspunkt:
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
Båt til utlån/utleie:

Hvor er Sjøtunet?